Earth Hour er ei kampanje arrangert av WWF Verdsnaturfondet, der alle blir oppmodna til å vie éin time til planeten vår.

– Alle kan bli med på Earth Hour. Å gje ein time til jorda kan vere alt frå å sløkkje lysa, til å gå ein tur i naturen eller lage eit berekraftig måltid som du deler med andre, seier generalsekretær i WWF Verdsnaturfondet, Kaoline Andaur, i ei pressemelding.

I Noreg blir lysa sløkt på fleire store signalbygg klokka 20.30 denne dagen. Mellom anna Holmenkollen nasjonalanlegg, Det kongelege slott og Rockheim er blant aktørene som er med på å setje søkeljoset på viktigheita av å trappe opp innsatsen for klima og miljø, heiter det i pressemeldinga.

I fjor vart det gjeve meir enn 410.000 timar til jorda frå over 190 land.

(©NPK)