Or er den pollentypen som først startar spreiing og som for mange allergikarar markerer starten på sesongen. Måndag var det kraftig spreiing av or i kystnære område på Austlandet med Oslo.

Også tysdag er det her venta kraftig spreiing av or, og dessutan beskjeden spreiing av hassel, ifølgje pollenvarslinga til Norges Astma- og Allergiforbund ( NAAF ).

Fleire stader i landet er det venta moderat spreiing av or tysdag. Dette gjeld Trøndelag, Møre og Romsdal, Hordaland, Sogn og Fjordane, og Rogaland. Fleire av desse stadene hadde kraftig spreiing av orepollen måndag.

Det er grunn til å tru at i overkant av 20 prosent av befolkninga har ein meir eller mindre alvorleg pollenallergi, ifølgje Astma- og Allergiforbundet. Viss du har pollenallergi, reagerer kroppen på protein frå nokre tre og vekstar, som til dømes bjørk.

Forbundet har fleire råd til pollenallergikarar , mellom anna at ein bør ta medisin – og helst starte før symptoma blir for sterke. Det blir også oppmoda til at ein vaskar ansikt og hender når ein har vore ute.

(©NPK)