Ho er mangeårig leiar i Ørsta pensjonistlag. I tillegg har ho engasjert seg mykje i arbeidet med tusenårsstaden i Ørsta, Svendsengarden.

Korleis starta det?

Eg møtte Hilde Rebbestad ein dag – Vil du ikkje bli med i pensjonistlaget? – spurde ho. Eg var 67 og ante ikkje at det fanst eit pensjonistlag i Ørsta. Jau, det kan vel gå an, – svarte eg.

Noko seinare spurde ho om eg ikkje kunne bli leiar. Då tenkte eg at mora mi i sin høge himmel ville ha likt at eg gjorde noko for eldre. Så svaret vart ja. Lite visste eg då at eg ti år seinare framleis skulle vere leiar.

Kor mange arbeidstimar legg du ned, og kva får du att?

Ferien er lang, men når hausten kjem vert det hektisk. Denne veka t.d. er det datakurs på måndag, Sterk og Stødig på tysdag, spanskkurs på onsdag, styremøte på torsdag. Og alt treng førebuing. Men så er det veker med mindre aktivitet, heldigvis.

Kva er drivkrafta?

Å vere saman med folk, få til noko bra for eldre; at det skal skje noko i bygda vår, at vi eldre skal ha sosiale møteplassar og oppleve kulturtilbod med kvalitet.

Kva er du mest stolt av å ha fått til?

Eg er lite stolt, men ofte glad, fornøgd når noko har blitt vellukka. Spanskkurs for pensjonistar er, så langt eg veit, vi det einaste laget i fylket som har. Det er svært kjekt å vere lærar igjen, lite disiplinproblem, men elevane treng meir tid no når dei skal lære eit nytt språk.

Kva er det viktigaste du arbeider med no?

Attåt pensjonistlaget har eg vore i styret for Svendsengarden i åtte år. Det har vore mykje å ta fatt i. Det tok nesten pusten frå oss då vi fekk feiringa av 150-årsjubileet i fanget. Det hadde vi ikkje rekna med.

I løpet av desse åra er m.a. alle husa måla, arka oppussa, pipene oppgraderte med stålrøyr m.m. Kommunen har stelt til hagen som del av sentrumsutviklinga. Ørstingane kan verkeleg vere stolte av tusenårsstaden sin.

Kva andre interesser har du?

Hagearbeid og dyrking av eigen mat. Når eg vitjar familien i Oslo, går eg alltid til parsellhagen som er i nærleiken. Når eg ser dei ulike parsellane med folk frå ulike nasjonar, som arbeider side om side og med ulike plantesortar, tenkjer eg at dette må vere den beste måten å bli kjend på og bli integrert. Då stiller alle likt, kunnskapsutveksling går begge vegar.

Blir du aldri lei?

Jau, i sær har det vore surt å slite så tungt med økonomien til Svendsengarden. Vi får eingongstilskot frå kommunen og bankane når vi søkjer, men det vert berre brannsløkking. Eit fåtal av ørstingane gir oss eit lite fast bidrag kvar månad; takk til dei.