– Dei siste ti åra er det kvart år blitt meldt inn mellom eitt til fem tilfelle av meningokokksjukdom i aldersgruppa 16–19 år. Ein av ti ungdomar som blir sjuke døyr av sjukdomen, og opptil ein tredel får alvorlege skadar, fortel overlege ved avdeling for smittevern og vaksine ved FHI, Sara Viksmoen Watle.

Russetid = risiko

Sjølv om talet på tilfelle av smittsam hjernehinnebetennelse i Noreg er låg, har likevel ungdom i den utsette aldersgruppa høgare risiko for smitte enn nordmenn elles. Forklaringa er at frisk ungdom oftare har bakterien i halsen.

Når våryre unge samlar seg og deler alt frå flasker, glas, sigarettar og kyss, aukar faren for dropesmitte.

–Mange av smittetilfella har vore knytt til russefeiring, men risikoen for sjukdom aukar generelt når mange ungdommar er samla; slik som på festivalar, idrettssamlingar og ungdomsleirar. Lite søvn og mykje alkohol kan i seg sjølv mellombels auke risikoen for smitte og alvorleg sjukdom. Ungdom er også meir mottakeleg for infeksjonar om slimhinnene deira er såre. Og det blir dei fort – av skriking, høglydt synging og sigarettrøyk, seier Watle til Nynorsk pressekontor.