- Med tanke på at det er om lag 80 BilXtra-butikkar i Noreg, så er dette svært. Vi er godt nøgde, seier dagleg leiar Jan Martin Starheim i BilXtra i Hovdebygda. Han er også drivar av BilXtra i Nordfjordeid.

- Det er flott å bli sett pris på. Vi har etter beste evne prøvd å etterleve konseptet til butikken på ein god måte. Det handlar om å yte det vesle ekstra. Vi har høg sørvisgrad, og tilbyr mellom anna å montere skiboks, om kunden ønskjer det, eller om det er snakk om viskarblad, barnestolar og liknande.

Butikkjeda har ein eigen "BilXtra-skule", der dei tilsette vert grundig kursa i dei ulike produkta dei har i hyllene.

- På den måten vil vi alltid vere i stand til å kunne hjelpe kundane på best mogleg måte. Då kan vi gi kundane det dei vil ha, seier Starheim.

Totalt er dei sju tilsette, inkludert deltidstilsette.

Jan Martin Starheim er takksam over å verte sett pris på, som leiar for Årets BilXtra 2017. Foto: Janne-Marit Myklebust

- Det vert jobba jamt og godt. I fjor auka vi omsetninga med 16 prosent, så vi har ei positiv utvikling. Undersøkingar viser også at vi har godt nøgde kundar, både over disk og dei som har behov for verkstadtenester. Vi leverer slitedelar til ulike verkstader vi samarbeider med. Dette fungerer godt.

Nyleg har dei også utvida varesortimentet sitt med 2.000 varelinjer i januar, til totalt 10.000 ulike produkt.

- Kundar likar ikkje å vente, så difor strekkjer vi oss langt for å kunne ha det dei ønskjer lett tilgjengeleg. Men det er også slik at om noko må bestillast, så er vi raske også der.

No gler dei tilsette seg i Hovdebygda over å verte sett pris på. Årets butikk gir mykje heider og ære i bransjen, og kanskje ei kake eller to på personalrommet.

- Vi er alle stolte over jobben. Det må vi berre vere, når vi oppnår ein slik pris, seier ein nøgd butikksjef.