Året 2017 har vore hektisk men spennande for oss politikarar, administrasjonen og dei tilsette ved rådhuset.

«Det er mykje positivt som skjer i Ørsta no» seier mange i bygda til meg. Ja, vi har vore heldige og kanskje litt dyktige også. Vedtaket som vart fatta av Fylkestinget i desember om bygging av ny vidaregåande skule yrkesfag, og renovering av kulturhuset, er svært viktig for ungdommen på Søre Sunnmøre. Vedtaket vart rosa av Fylkesordføraren, der kommunen og fylket har samarbeidt tett om den såkalla Ørstamodellen. Reguleringsplanen for sentrum og flyttinga av Ørstahallen (fleirbrukshallen), var også medverkande til eit positivt vedtak i skulesaka.

Ørstahallen er no endeleg under bygging etter 25 års arbeid. Ørsta skal få si «storstove» på 8500m2.

Mange fortener ros for dette prosjektet. Julefesten neste år bør vere i Ørstahallen.

Sentrumsutvikling

Ørsta som handelssenter på Søre Sunnmøre er under stadig utvikling. Eitt av prosjekta er busslomme på E39 ved Svendsengarden, renovering av hagen og buldrevegg til leik for ungane. Dette er eit samarbeid mellom fylke, kommune og næringsliv i Ørsta. Når vi også veit at «Vikegatas venner» har store planar for sommaren, håper eg at dette kan skape meir liv og handel i Vikegata.

Næringsliv

Næringslivet i Ørsta går bra og handelsstanden er på veg til å bli ein vinnar i regionen. Dette gleder meg stort.

Primærnæringa/jordbruket er viktig for den nest største jordbrukskommune i Møre og Romsdal. Jordbruket er avhengig av rammene frå staten. Gode finansieringsordningar for lån og støtte er avgjerande for om ungdomen kan satse.

På Vartdalsstranda skjer det mykje positivt innan havbruk og oppdrett. Dette er spennande område med store vekstmoglegheiter. Barstadvik med AguaGen tidlegare Profunda satsar stort, det vert antyda 30 – 50 nye arbeidsplassar.

Satsing på bygdene i Ørsta viser at Vartdal med ny skule, idrettshall, barnehage og no tilrettelegging av fleire byggeklare tomter gir vekst i bygda.

Vardal stadion er no endeleg vedteke, etter nesten 40 års ørkenvandring, og byggestart er nært føreståande.

Vi vonar å få til fleire byggjeklare tomter på bygdene og i sentrum i året som kjem. Hjørundfjorden/Sæbø er inne i ei positiv utvikling med mange nye etablerarar.

Hjørundfjorden er Ørsta si moglegheit til satsing på turisme. Masterplanen som nyleg er avslutta og tilsetting av prosjektstilling saman med destinasjon Ålesund og Sunnmøre, burde gi den nødvendige draghjelpa for turistsatsing. Dette har eg stor tru på.

Økonomi og framtidsutfordringar

Ørsta har store utfordringar innan skulebygg i sentrum, på Sæbø og i Hovdebygda. Vi står på for fullt for å løyse desse oppgåvene.

På Dalane er det bestemt ein ny skule 1–7 på Legene.

Nytt basseng i Ørsta sentrum bør realiserast innan 5 år.

Vi har økonomisk kontroll på dei investeringane vi har gjort, og på forslaga til investeringar dei neste 4 åra. Lånegjelda i Ørsta er etter forholda lav, men vi må ta høgde for renteauke dei neste åra.

Prisvinnarar

Reidar Øye fekk no før jul tildelt Kongens fortenestemedalje.

Kulturprisen i år vart tildelt Christian Gard Bygdetun, og Næringsprisen vart tildelt Fugl Føniks Kaffibar A/S

Eg vil nytte høve til å gratulere alle med utmerkinga, og ønske lukke til vidare.

Eg vil takke politikarane, administrasjon og alle dei tilsette i Ørsta kommune for stor stå-på vilje og godt utført arbeid.

Til slutt vil eg dele nokre ord frå Per Fugelli. Sitat:

Lev livet. Opplev alt du kan. Ta vare på deg selv og de du er glad i.

Ha det gøy - vær litt gal og rar. Gå ut og gjør noen feil - for det kommer du til å gjøre uansett. Nyt deg selv og utnytt alle mulighetene til å lære noe på veien.

Ikke prøv å være perfekt - vær heller en utmerket versjon av deg selv !

God jul og godt nyttår!