Lenger sør truar ekstremveret Birk med mykje nedbør. Også i Ørsta har det vore eit vått døgn,men det er ingen meldingar om skader eller situasjonar korkje på 110-sentralen eller frå politiet.

Både i Ørsta og Volda var elvane store veslejulafta, og det var svært stor vannstand i mellom anna Vatnevatnet.

Og på Mo i Ørsta hadde det danna seg ein ny liten innsjø på marka til ein av gardane.

Vervarslinga melder om at det skal bli mindre regn og nedbør dei neste dagane. Det er meldt nedbør om ettermiddagen julafta, og nokre få plussgrader i Ørsta. Det betyr at det kan bli kvit jul på høgareliggande stader.