Mannen vart varetektsfengsla 5. oktober i fjor. Varetektsfengslinga vart forlenga i november, og seinast i slutten av desember. I første omgang var mannen sikta for brot på straffelova paragraf 311 første ledd. Brot på denne lova kan straffast med fengsel i inntil tre år. Politiet har gjort eit svært omfattande beslag av barnepornografisk materiale i saka. Det skal vere gjort om lag 115 unike beslag, og ein stad mellom 15.000 og 20.000 bilete og filmar. Politiet arbeider no med å finne ut av kven den sikta har hatt kontakt med og kva som er delt av ulovleg materiale.

21. desember vart siktinga mot mannen utvida til å omfatte brot på straffelova paragraf 301. Lova omhandlar grov valdtekt av barn under 14 år og kan straffast med fengsel i inntil 21 år. Ifølgje TV2 skal politiet sitte på etterforskingsmateriale til dette lovbrotet som viser at mannen skal ha forsøkt å bestille livestream av overgrep.

– For punktet forsøk på valdtekt av barn under 14 år erkjenner min klient seg ikkje skuldig. I punktet knytt til oppbevaring av bilete og filmar erkjenner min klient delvis skuld, seier forsvarar Torgeir Langva til Møre-Nytt.

Sunnmøre tingrett har forlenga varetektsfengslinga av mannen til torsdag 25. januar.

– Slik retten ser det, ligg det føre ein nærliggande og reell fare for at sikta vil øydelegge bevis i saka ved å kontakte andre involverte dersom han vert lauslaten no, skriv tingretten i kjenninga.