November og desember er den mest travle tida for kjøpesenteret i Ørsta, og i år har senteret budd seg til julehandelen med å optimalisere plasseringa av butikkar.

– Først flytta Bunnpris sin søndagsbutikk til nytt lokale lenger inne i Bunnpris og fekk såleis eigen inngang gjennom panterommet (der publikum pantar brusflasker). Så fekk Sunkost nytt lokale i den tidlegare søndagsbutikken. Lokalet som Sunkost flytta ut frå, vart til utviding av Kitch`n, som har slite med alt for liten plass heile tida, fortel Lid.

I samband med julestria, har også Amfi gjort avtaler med Russen om å hjelpe til med parkeringa.

– Det kundane seier til oss er at dei kjem grunna gode parkeringsforhold. Likevel vert det ganske fullt, og då hjelper Russen til med å dirigere trafikk og leite opp ledige plassar, fortel Lid.