Turid Rønning på Trandal slapp tvangsmulkt frå kommunen. No har ho fått ei stor rekning frå same instans.
- Eg håper kommunen vil redusere rekninga noko. Eg er minstepensjonist og er sliten av saka om vegen på Trandal, fortel Turid Rønning.
Samfunnsutvalet i kommunen trekte tilbake ei tvangsmulkt på 70.000 kroner til Turid Rønning i samband med at ho ikkje hadde søkt om å byggje veg for å ordne opp etter Dagmar – ein veg som likevel ikkje vert definert som veg av politikarane.
No har kommunen sendt ho ei rekning på 17.800 kroner for handsaminga av saka hennar, i tillegg til handsaming av ein dispensasjonssøknad om å få behalde «vegen» på Trandal.
Turid Rønning er oppgitt over alt «styret» denne saka har ført til.
- Eg synest kommunen har vist ei umenneskeleg side, men er sjølvsagt takksam for at eg slapp unna tvangsmulkta. Likevel er eg påført problem av heile greia, og eg hadde von om at kommunen no, etter alt dei har påført meg, kunne vise seg frå ei litt raus side, og redusere rekninga, seier Rønning.
Ho er klokkeklar på definisjonen av det nokon kallar ein ulovleg bygd veg på grunnen hennar.
- Dette er ingen veg. Den som kjem og ser vil konstatere at «vegen» er ein potetåker, seier Rønning.
Får ettergitt tvangsmulkt og ja til omstridd veg
Fylkesmannen
Ein representant frå fylkesmannen var nyleg på synfaring på Trandal for å sjå på den mest kjende vegen i bygda gjennom tidene. Bakgrunnen er at fylkesmannen skal vurdere om han vil klage inn samfunnsutvalet sitt vedtak eller ikkje.
Etter det Møre-Nytt kjenner til vert ikkje saka klaga inn.