Det seier jordskifterettsleiar Olav Torvik hos Sunnmøre Jordskifterett i Ørsta.

I årsmeldinga til Sunnmøre jordskifterett for 2017 ropar han eit kraftig varsku. Ventetida for sakshandsaming hos jordskifteretten har siste året auka til over to år. Årsaka er vakante stillingar.

– Vi har hatt ei dobla saksmengd i løpet av fem til seks år. Vi er ein viktig rettsinstans, og har mest med alt som vedkjem eigedom, forklarar Torvik.

Jordskifteretten skal medverke til å løyse problem knytt til fast eigedom. Jordskifteretten klarlegg grenser og rettsforhold, løyser opp sameige, omformar eigedomar ved arealbyte, og fastset reglar for sambruk mellom eigedommar.

I 2017 var det åtte medarbeidarar hos jordskifteretten i Ørsta. Men det var fyrst i september at ei stilling som jordskiftedommar vart fylt etter å ha stått vakant i eit og eit halvt år.

– Det skal sparast pengar, og då vert ledige stillingar ståande utan bemanning. Dette er styrt frå Domstoladministrasjonen og styresmaktene si side, seier Torvik.

I løpet av våren skal ein jordskiftedommar slutte hos jordskifteretten i Ørsta. Då fryktar Torvik at dei nok ein gong vil oppleve at stillinga vert ståande ledig over lenger tid.

– Råkar oppgåvene

Han meiner styresmaktene må sjå til å tilføre jordskifteretten ressursar.

– Vi må ha eit stabilt stillingststal. Det må ikkje haldast att for å spare pengar. Då råkar det oppgåvene vi er sette til å utføre veldig raskt. Ventetida aukar, og det vil gå lang tid å arbeide køane ned igjen etter at vi får fylt dei stillingane som er vakante, seier Torvik.

Det har kanskje vore ei førestilling om at jordskifteretten ordnar seg av skifte av teigar i landbruket. Men oppgåvene er så mykje meir.

– Mange av oppgåvene går på å løyse opp sameige eller å etablere bruksordningar ved sameige. Mange av sakene gjeld private vegar, og det å få bruksordningar til å fungere. Ei tid hadde vi fleire saker som galdt fallrettar, men det er det mindre av no. Det hadde med småkraftutbyggingane å gjere, fortel Torvik.

Alvoret i den lengde sakshandsamingstida er at jordskifteretten vert ein bremsekloss for eigedomsutvikling, meiner Torvik. Prosessar stoppar opp.

– Skal jordskifteretten i framtida vere ein problemløysar for alle som eig ein bit av Noreg, er ein avhengig av at domstolen har ei bemanning som gjer at sakene kan handsamast når problem oppstår og er aktuelle, seier Torvik.

Ber om lokalt engasjement

Han ber kommunane og lokale politikarar om å engasjere seg.

– For slik det er no opplever vi at sentrale politikarar og Domstoladministrasjonen set opp mål for kva vi skal arbeide med, og så samsvarar ikkje ressursane. Måla er høge, ressursane er låge, seier Torvik.

Årsmeldinga til Sunnmøre Jordskifterett syner at det vart avslutta 28 saker i 2017. Seks av sakene vart handsama av tilkalla dommar. Det kom inn 36 nye saker. Ved årsskiftet var det 98 saker til handsaming, som er åtte fleire enn året før.

Ventetida ved Sunnmøre Jordskifterett er altså over to år. Måltala til for sakshandsamingstid og jordskifterettane er åtte månader for rettsfastettande saker, og seksten månader for rettsendrande saker frå krav kjem inn til saka er avslutta.