Det varme og tørre vêret dei siste vekene gjer skog og mark knusktørr, og nesten dagleg har det vore små og store brannar i terrenget i Møre og Romsdal.

Oddvar Mikkelsen seier det tek tid å fylle opp gjødselvogna med vatn, så det er ein viktig del av beredskapen at vogna er oppfylt før det eventuelt skjer noko. Gjødselvogna er mobil og kan fraktast dit det brenner. Den kan også fyllast med vatn frå tjern eller bekker om det trengst.

– Det ville vore kjempeflott dersom alle bønder som har moglegheit til det hadde vatn ståande på vogna. Dette ville betydd mykje for brannberedskapen. Om det skulle ta av med ein storbrann, trengst det at folk stiller. Og då kan minutta ein bruker på å fylle vogna vere avgjerande, seier han.

Han fortel at det er mange eksempel frå heile landet på at bøndenes vassfylte gjødselvogner har vore svært viktige ved brann. Hus er berga og storbrannar er unngått med vann frå vognene.