Ørsta kommune har i lengre tid arbeidd med sal av eigedomar som tidlegare var nytta til skular. Og no er det kome bod på skulen på Nordre Vartdal som vart bygt i 1955. Eigedomen er på ca. 2.915 kvm og skulebygningen er 410 kvm stor.
Det har kome inn to bod på eigedomen. Robert Grzyb har levert eit bod på 651.000 kroner. Han ynskjer å nytte eigedomen til bustad og til lokale for omplassering av dyr.Miro Simic har levert eit bod på 10.000 kroner. Han tenkjer å nytte eigedomen til undervisningslokale for klassisk gitarspel. Simic har opplyst til kommunen at det også kan vere aktuelt å nytte eigedomen til reiselivsretta føremål. Det vert synt til at det kan vere aktuelt med eit samarbeid med Toregarden AS i høve lokalprodusert mat.
Tilkomst
Tilkomst til eigedomen har vore eit tema i samband med salet. Vegen tilhøyrer ein anna eigedom enn skulen. Kommunen si vurdering er at det ligg føre ein råderett over anna manns eigedom på gnr. 96 bnr. 3.
– Ein slik servitutt kan overførast til nye eigarar saman med eigedomen, seier rådmann Wenche Solheim.
Det har ikkje vore råd å finne ei skriftleg avtale, men rådmannen meiner det har vore ein munnleg avtale om bruk av vegen som har vore stelt av kommunen både sommar og vinter.
Avtale
I 1989 vart det inngått avtale mellom Ove Vartdal og Ørsta kommune om areal til parkeringsplass ved skulen på gnr. 96 bnr. 3, Ove Vartdal sin eigedom. Kommunen opparbeidde parkeringsplassen. I følgje avtalen var bruk av parkeringsplassen vederlagsfritt mot at grunneigar skulle overta plassen dersom skulen vart lagt ned. Då det no ikkje er skuledrift på eigedomen, går parkeringsplassen tilbake til grunneigar Ove Vartdal. Han har inngått avtale om tilkomst med Miro Simic.
Når det gjeld leikeapparata som er plasserte på skuleområdet, er det gitt tilsagn frå Ørsta formannskap om at Nordre Vartdal grendalag kan flytte desse til område ved idrettsanlegget på Nordre Vartdal.
Eigedomen ligg i uregulert område. Skal det nyttast til andre føremål er det ny eigar som må søkje bruksendring.
Rådmannen rår formannskapet til å velje det høgste tilbodet på skulebygget.