Skal det gjevast eit klarsignal, må grunngjevinga frå bygningsmynde i Ørsta vere langt betre enn tilfellet har vore til no.

Det er Inge Kolås som går med ein draum om å utvikle Follestaddalen i reiselivssamanheng. Då det vart vedteke at den nye 420 kV-lina skulle kome gjennom området, og at den eksisterande 132 kV-lina gjennom Follestaddalen dermed skulle sanerast, kom Kolås på denne ideen: Ei av mastene må stå att. Der kan det byggjast klatretårn med hytte på toppen.

Dispensasjon

Samfunnsutvalet gav Kolås dispensasjon til å disponere området med den aktuelle masta, men vedtaket vart klaga på av Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Han grunngav klagen med jordvern- og landbruksomsyn. Fylkesmannen meinte at klatretårnet i den eksisterande masta ville øydeleggje for eit godt og samanhengande jordbruksareal.

Setjefylkesmann

Fordi det var fylkesmannen sjølv om var klagar, måtte saka handsamast av ein såkalla setjefylkesmann. I dette tilfellet vart det Fylkesmannen i Sør-Trøndelag.

Han har no vurdert saka, og konkluderer med at vedtaket må opphevast. Grunngjevinga er at samfunnsutvalet ikkje godt nok har grunngjeve kvifor det kan gjevast dispensasjon til tiltaket.

Det vert peika på at masta og klatretårnet ligg i eit kjerneområde for landbruk, og det vert til dømes etterlyst ein situasjonsplan for området.

Opphevar

Sjølv om Fylkesmannen i Søre-Trøndelag ser at det kan vere føremoner med tiltaket, kan han ikkje sjå at det er argumentert godt nok for dette. Og for at det skal gjevast dispensasjon, må det fordelane også vere «klart» større. Det har samfunnsutvalet ikkje greidd å prove, meiner fylkesmannen.

Fylkesmannen meiner dessutan at tiltaket med klatretårnet og mastehytta må sjåast i samanheng med dei andre tiltaka Kolås planlegg i Follestaddalen, og såleis må handsamast i ei fullstendig dispensasjonsvurdering.

Dermed opphevar Fylkesmannen i Søre-Trøndelag vedtaket i samfunnsutvalet i Ørsta om å gje Kolås dispensasjon. Viss kommunen skal handsame saka på nytt, og gje Inge Kolås dispensasjon, må det gjevast ei mykje meir solid grunngjeving for det, seier fylkesmannen til slutt.