– Eg hadde høyrt litt rasling i pipa av og til dei siste fire-fem dagane. Eg sjekka etter kvart at det ikkje var noko på taket som laga lyden, og då eg opna luka nede i pipa såg eg noko som rørde seg der inne. Eg veit ikkje kven av oss som kipte seg mest – eg eller ugla, seier Hoggen.
For nedst i pipa sat ei nedsota kattugle og stira ut på han. Der hadde ho vore i fleire dagar, også medan det vart fyrt i ovnen i etasjen over. Ugla var likevel i tilsynelatande god stand.
– Ugla var noko svart, men takka vere reintbrennande omnar var det heldigvis ikkje så mykje sot i pipa, seier Hoggen.
Han opna inspeksjonsluka og begge vindauga og gjekk ut av rommet. Etter kvart hoppa ugla ut av pipa, og då Hoggen kom inn på rommet igjen tok ugla laus og flaksa ut gjennom vindauget. Dermed fekk “sotugla” att fridomen etter ein mørk start på påska.