I 1978 kjøpte Ottar og Ragnhild Løvoll tomt T75 på 4,4 mål (4.400 kvadratmeter) ved Øvre Mo i Ørsta.

Etter kjøp og tinglysing kom der inn ein klausul som stadfesta at barn eller barnebarn av dei seljande eigarane vederlagsfritt skulle ha rett på 1.500 kvadratmeter av denne eigedomen, dersom dei forlet Oslo og flyttar heim til Ørsta.

Dette valet har likevel aldri vore aktuelt, og sidan oppkjøpet i 1978 har Ottar og Ragnhild Løvoll budd på eigedomen, der dei har dyrka grønsaker og frukt.

Les også: – Kommunen har ikkje gjort noko feil

Byggjeboom

Så – i 2006 vedtok Ørsta kommune at eigedomen på Øvre Mo skulle omregulerast for å leggje betre til rette for byggjeaktivitet i Mosmarka. Det har i dei seinare åra vore svært stor interesse for å busette seg i området, og kommunen har svart med å vere svært aktive i å leggje til rette for tomtesal.

I denne prosessen vart 1.500 kvadratmeter av tomta til Løvoll skilt ut, og kommunen kjøpte ut barna til dei førre eigarane, slik at klausulen frå -78 kunne strykast.

Løvoll-paret opplevde dermed at kommunen overtok den 1.500 kvadratmeter store delen av tomta som dei då hadde eigd i 28 år. Dei melde raskt si interesse for offisielt å kjøpe arealet tilbake. Dette skulle likevel vise seg å vere enklare sagt enn gjort.

– I 2006 fekk vi melding frå rådhuset om at vi måtte vente på første byggjesteg før vi kunne få kjøpe tomta. Då ville eit tilbakekjøp eventuelt kunne inngå i eit makebyte i samband med at kommunen kjøpte 900 kvadratmeter av den opphavlege tomta for å byggje gangveg. Kommunen var klar på at dei skulle ta kontakt med oss når det vart aktuelt, og forsikra oss om at dette ville går i orden. Kommunen stadfesta at paret i mellomtida kunne nytte tomta som før. Dermed bestemte vi oss for å vente på klarsignal frå dei, seier Ottar.

Men svaret kom aldri.

Fånyttes

Sommaren 2011 – fem år etter – tok paret igjen opp tråden med kommuneleiinga for å få ein peikepinn på når dei offisielt kunne få kjøpe tilbake jordflekken.

– Då fekk vi til svar at vi måtte vente til etter kommunestyremøtet i september. Dei sa også at dei skulle ta kontakt med oss i etterkant, men det gjorde dei aldri, seier Ragnhild.

Dersom vi hoppar fram til 5. januar i år, hadde Møre-Nytt eit oppslag der kommunen stadfesta at andre byggjesteg på Øvre Mo var i gang. Det vart også gjeve ei oversikt over prisar etter storleik. Tomta var då flytta frå fyrste til andre byggjesteg.

Løvoll-paret seier dei vart svært overraska over at denne informasjonen kom ut i lokalavisa, utan at dei hadde høyrt eit knyst sjølve. Oppslaget i Møre-Nytt gjorde at Ragnhild og Ottar ikkje lenger var sikre på at kommunen ville halde det dei lovde – nemleg at tilbakekjøp ville verte mogeleg.

– I kjølvatnet av nemnde oppslag prøvde eg både å ringe rådhuset og skrive brev til dei personleg, men nei – alle forsøka var fånyttes. Vi fekk rett og slett ikkje svar, seier Ragnhild.

Sjokkerande melding

Fyrst i mars fekk vi kontakt med kommunen, då vi såg i lokalavisa at byggjesteg 2 var lagt ut for sal. Vi vart då bedt om å sende inn ein søknad slik at kommunen hadde noko skriftleg. Paret sendte dermed inn ein søknad på tomta dei då hadde vore tilknytt i 34 år.

Svaret dei fekk var sjokkerande.

– 1. juni ringer Ørsta kommune og fortel oss at vi er velkomne på trekning av tomta fyrstkomande onsdag. Denne meldinga får vi fem dagar før tildelinga skal skje – trass i at vi har prøvd å ha ein aktiv dialog med dei om eigedomen sidan reguleringsplanane vart sett i verk i 2006. Eg veit ikkje kva eg skal seie. Eg misser munn og mæle, seier Ragnhild.

Ottar har også problem med å formidle kor skuffa han er over meldinga.

– Vi har hatt munnlege lovnader heile vegen om at dette vil gå i orden, men no føler vi oss berre ført bak lyset. Dette er som eit hjelpelaust vakuum, seier han.

Energitappande

– Vi kunne nok akseptert det dersom vi hadde vorte orienterte om utviklinga i saka og meldinga om trekking hadde kome då prosjektet var i startgropa i 2006, men når vi får det servert slik berre fem dagar før så er det rett og slett utruleg, seier Ragnhild.

Ingen av dei er interesserte i å møte opp på trekkinga, i rein frustrasjon over sakshandsaminga.

– Eg lurer veldig på om kommunen sjølv er nøgd med måten dei har handtert denne saka på. Vi har prøvd å vere korrekte heile vegen, men løna er at vi vert overkøyrde.

Dottera Marie Løvoll og ektemannen Sverre Johansen bur i Oslo, men heiv seg i bilen fredag kveld då meldinga om loddtrekking kom for dagen.

– Det var ikkje snakk om noko anna. Eg ser kor mykje denne saka tærer på foreldra mine, og ein kan berre håpe at saka løyser seg i deira fordel – slik den burde i rettferda sitt namn, seier Marie.