Idar Ulstein vart 78 år gammal, og døydde etter lang tids sjukdom, melder Vikebladet/Vestposten.

Han bygde opp Ulstein Mekaniske Verksted til ei av dei største bedriftene i Møre og Romsdal.Allereie som 14-åring kom han inn i selskapet, då faren Martin døydde.

Idar Ulstein tok sivilingeniøreksamen i 1962, og begynte då som teiknesjef i selskapet. I 1964 kjøpte dei Molde Verft, og Idar Ulstein vart disponent for dei nye selskapa.

Etter fusjonen med Hatlø Mekaniske Verksted i 1974 vart han administrerande direktør for Ulstein Hatlø. I 1985 vart Ulstein Holding stifta, og Idar Ulstein vart konsernsjef. Ei stilling som han hadde til 2007, då han i staden vart styreleiar. Dette vervet hadde han fram til sommaren 2011.

Ulstein var ein markant person innan norsk skipsindustri, og i 1994 vart han utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.

Idar Ulstein engasjerte seg også for Eiksundsambandet, og var ein avgjerande pådrivar for vegprosjektet.