– Då borna skulle starte på skulen i haust vart vi foreldre sjokka over at vegvesenet ikkje hadde tenkt på dei mjuke trafikantane, seier Margrete Fivelstad og Jetmund Øye. Dei bur begge på Øye og har born som går på Sæbø barne- og ungdomsskule. Når borna kjem i land på Sæbø er der ikkje merka av kvar dei skal gå.

Tre vegkryssingar

Tidlegare måtte borna berre krysse vegen ein gong for å kome frå ferja til skulen. No er det heile tre kryssingar.

Først må dei gå bortom rundkøyringa og krysse vegen der, så langs banken og krysse vegen tilbake til Nilsbuda, og så gå over vegen for tredje gong ved Hjørundfjordheimen.

– Om morgonane er her mykje tungtrafikk, pluss at mange køyrer bil i retning barnehagen. Fleire stader der borna må gå over vegen er der dårleg sikt, meiner Fivelstad og Øye.

Farleg kai

Sjølv om det er denne ruta vegvesenet rår dei til å gå, er der ikkje gangfelt nokon stad. Dessutan er den nye kaia freistande å nytte for borna.

– Dersom fleire born spring saman her, og kanskje i kapp for å nå ferja, kan det verte farleg. Spesielt dersom det blir sleipt og glatt, meiner foreldra.

Dei synest elles kaia er kjempefin. Men dei trur ho er laga mest med tanke på turistane.

Stress

Då vi var på plassen etter skuletid, såg vi også at fleire valde å gå midt i vegen.

– Det er dei yngste borna vi er mest redde for. På vinterstida har dei 10 minutt på seg frå skulen er ferdig til ferja går. Dersom ein førsteklassing også skal klare å kle på seg vinterklede på denne tida, kan det bli stressande for dei å nå ferja. Noko som igjen kan føre til farlege situasjonar i eit trafikkbilde som ikkje er tilpassa dei mjuke trafikantane, seier Fivelstad engasjert.

Også for eldre folk som til dømes skal besøkje folk på Hjørundfjordheimen, eller stelle på gravplassen, er forholda langt frå ideelle.

Ring og sendt brev

Heilt fram til haustferien vart skuleborna følgd av ein lærar.

– Eg trur leiinga på skulen også såg kor farleg vegen var, men no har dei slutta å gå saman med dei, informerer foreldra.

No er dei redde for kva som skjer når dei ikkje lenger vert påpassa av ein vaksen.

Dersom borna ikkje når ferja til dømes må dei vente ein og ein halv time. Det er lenge for eit barn på 6 år.

– Kva har de gjort i høve Statens vegvesen?

– Vi har både ringt og sendt brev med underskrifta til alle foreldra til dei 15 borna som har dette som skuleveg. No håper vi vegvesenet gjer noko konkret. Vi er rett og slett leie av å vente på trafikktryggande tiltak, understrekar Fivelstad og Øye.

Margrete Fivelstad synest også dei kunne ha vore ferdig med anleggsarbeidet til ferjekaia vart opna. Alle gravemaskinene og lastebilane er også til fare for borna, synest ho.