Banken har hatt suksess med å arrangere det tradisjonsrike arrangementet «balldag» for kundar utanfor Søre Sunnmøre.

– Banken har arrangert dette i ei årrekkje og arrangementet har blitt ein tradisjon, seier marknadssjef Lillian Kleven Breivik.

Ho legg til at dette er eit takksamt arrangement å arrangere.

– Det er bare gode tilbakemeldingar.

160 år

Bernt Østgaard var programleiar for kvelden, og kunne fortelje at banken har 160 års jubileum, og at det då passa ekstra fint med eit slikt stor arrangement.

Arrangementet starta med vakker sang og bilete frå Hjørundfjorden og Slogen, frå CD-en Bergteken. Og det blei også vist flotte naturbilete frå sunnmørsregionen.

– Det er eit fint høve til å minne dei på kor fint det er heime og gi dei litt heimlengsel, smiler kunderådgjevar, Stig Hoggen i banken.

Det var lokal underhaldning frå Stig «Ulv» Ulvestad frå Ørsta. Han hadde ein minikonsert for dei frammøtte. Han synest at det var stas å spele for så mange.

Nett, mobil og telefon

Karoline Aarskog og Anne Åse Mo Kvistad som er kunderådgjevarar, hadde presentasjon frå banken med fokus på dei sjølvbetente løysningane.

– Det er ingen problem for kundar i Oslo å bruke lokalbanken heime. Det er svært mykje kundane kan ordne sjølv utan å kome fysisk i banken. Det meste kan ordnast i nettbanken, mobilbankane, på e-post eller telefon, fortel dei.