Etter at orkanen Dagmar øydela kaia ved Kaihuset, vart betongrampene flytta ut til kommunelageret på Rystelandet. Der har dei stått fram til fredag, då frivillige og mannskap frå teknisk sektor frakta dei tilbake til Ørsta sentrum og heiste dei på plass.

Den nye plasseringa av skaterampene er ved sidan av dei tidlegare lokala til Nordea.

– Det var ikkje lenger plass til rampene på kaia. Ungdomen har difor spurt kommunen, og fått lov til å bruke dette hjørnet av parkeringsplassen, seier Ansgar Kvistad i teknisk sektor.

Dei store betongrampene vart plassert etter rådføring med ungdomen, som fortalde korleis dei ønskte å ha den nye «skateparken».

Torstein Mo Vatne (13) er ein av dei som har ivra etter å få tilbake rampene.

– Dette vert heilt topp. Vi har prøvd å få dei tilbake lenge, og har snakka med kommunen om det. Det er ein heil del folk som brukar rampene. Då dei forsvann, var det mange som slutta med rullebrett eller sparkesykkel. No byrjar dei kanskje igjen, seier han.

Rullebrett og sparkesykkel har vorte veldig populært blant born og ungdom i Ørsta dei siste åra. I fråvær av ramper, har mange nytta Hamneparken til å øve seg.

Harald Vatne og Ansgar Kvistad flyttar på plass skaterampene.