Det er Reidun Mo, seksjonsleiar barnehage, Knut Åmås, seksjonsleiar helse og velferd, Astrid Skare og Solrun Brenk Rønning frå Rustenesta, som seier dette. Dei er representantar i ei arbeidsgruppe i samband med  Ørsta kommune si deltaking i prosjektet Delta.

Tema

Ørsta kommune skal arbeide med to tema i samband med deltakinga i Delta-prosjektet. Det eine er ”Å oppdage førskuleborn som lever i familiar med skadelege rusmiddelvanar”. I arbeidsgruppa er både lege, helsestasjon, barneverntenesta, rustenesta og barnehagane representerte.

– Eit av måla er å få rus inn som fokusområde i barnehagane for å oppdage born som veks opp i familiar med rusmiddelproblem. Det er nytt at barnehagane fokuserer særskilt på rus, fortel dei. Tilsette i barnehagane skal lære å sjå etter teikn, endringar av åtferd og verte tryggare på korleis ein går fram når ein skal ta den vanskelege samtalen med foreldra.

– Vi har verkty for krisehandtering i barnehagane, men vi har ikkje hatt verkty innan rusproblematikken, fortel Reidun Mo som er barnehagesjef i kommunen.

Gruar seg

Arbeidsgruppa opplever at mange born gruar seg til jul på grunn av dei vaksne sitt alkoholforbruk, sjølv om dei vaksne ikkje nødvendigvis ser på alkoholforbruket sitt som unormalt høgt.

– Born er svært vare på endringar i veremåten til foreldra når dei drikk alkohol. Det at mor eller far plutseleg er ekstra snill, blid og nøgd utan forvarsel, eller at mor eller far blir meir kranglete enn elles, kan virke skremmande på born. "God stemning" betyr ikkje alltid det same for vaksne og born. At dei vaksne opplever at stemninga er god kan opplevast heilt annleis for borna, seier gruppa.

Tenkje over

Dei vil ikkje verke moraliserande, og meiner ikkje at det nødvendigvis må vere totalforbod mot alkohol i ein heim. Men dei oppmodar vaksne om å tenkje over kven ein skal ta omsyn til: Borna eller seg sjølv.

– Det er ikkje mengde alkohol eller kor ofte ein drikk alkohol som er avgjerande, men korleis familien fungerer, og korleis alkoholinntaket påverkar dei kjenslemessige banda i familien. Born opplever ofte alkoholforbruket som eit problem lenge før det er snakk om ei mengde som er helseskadeleg for den som drikk. Det kan sjølvsagt også vere andre rusmiddel som er skadelege i familien, men alkohol representerer det største rusmiddelproblemet i Noreg og i verda.