Ulykka skjedde tysdag på fylkesvegen på Nordre-Vartdal. Den kvinnelege fotgjengaren vart påkøyrd av ein ung syklist, og ulykka fann stad rundt klokka 17.30.

Kvinna vart hardt skadd og luftambulansen henta ho og flaug til St. Olav Hospital i Trondheim. Onsdag 4. desember opplyste dei frå St. Olav Hospital at kvinna var alvorleg skadd. Seinare på onsdag, klokka 17.30, fekk politiet melding om at kvinna døde som fylgje av hovudskadane ho fekk.

– Politiet kom til staden etter uhellet og har etterforska saka på vanleg måte. Så langt er det klart at kvinna var i fylgje med to andre på tur framover i dalen, og dei var komne fram til Årskog. Syklisten var på veg nedover, då han køyrde på kvinna som fall i asfalten. Det var mørkt på staden og dårleg ver, heiter det i ei pressemelding frå Sunnmøre politidistrikt.

Politiet opplyser at dei som står tettast involvert i hendinga har fått tilbod om støtte frå det kommunale omsorgsapparatet i Ørsta.