Meteorologisk institutt går ut med obs-varsel for Møre og Romsdal. Årsaka er at det er venta kraftige vindkast tidleg på julaftan.

Vindkasta kjem frå søraust, og kan kome opp i tretti sekundmeter.

Det er også sendt ut obs-varsel for trekninga Vestlandet–Trøndelag for måndag ettermiddag og kveld. Det er meldt sørvest periodevis stiv kuling på kysten, og regn- og haglbyer. I indre og høgareliggjande strok er det meldt snøbyer.

Ut på ettermiddagen måndag vil vinden auke til liten storm.

Tysdag er det meldt auke til søraust liten storm utsette stader, om kvelden søraust liten til stiv kuling i Trøndelag, sterk kuling i Møre og Romsdal. Det vert enkelte regnbyer, vesentleg i sør. Men elles lange periodar med opphaldsver.

Onsdag, 1. juledag, er det meldt søraustleg kuling utsette stader. For det meste vert det lettskya og pent. Temperaturen er omtrent uendra.