I eit vedtak vert det peika på at parkeringsplassen ved Kaihuset er ikkje merka eller skilta.

– Kanten mot fortauet på parkeringsplassen ved Kaihuset er så høg at folk må gå i opp i gata for å kome inn på fortauet, seier rådet.

Det vert også vist til at parkeringsplassen ved Jernia er skilta, men at restar etter tidlegare oppmerking viser feil mål.

Lystad

– Ved Foto Lystad AS er det skilt, men plassen er ikkje oppmerkt.

Rådet ber kommunen om å skilte og merke parkeringsplassane etter planen, og etter gjeldande lov og reglar.