Statens vegvesen tek i bruk eit nytt skilt for å varsle strekningsmåling mellom to fotoboksar.

– Skiltet skal på ein klarare måte fortelje trafikantane om strekningsvis automatisk fartskontroll. Etter ei brukarundersøking oppdaga vi at dagens skilting ikkje fungerer godt nok, seier senioringeniør Anne Beate Budalen i Statens vegvesen.

Eiksundtunnelen

Tysdag vart det første nye skilte teke i bruk. Det er sett opp på Rv. 7 Bromma–Nesbyen i Hallingdal.

På alle komande strekningar med slik kontroll skal det nye skiltet verte brukt, mens det i løpet av året skal erstatte dagens skilting på eksisterande strekningar, som ein del av det løpande vedlikehaldet.

– Det er i dag 14 geografiske stader med strekningsvis fartskontroll i Noreg. Det vert arbeidd med fire til sju nye strekningar i løpet av året, seier Budalen.

Eiksundsambandet er ei av strekningane som har strekningsvis automatisk fartskontroll, og som vil få nye skilt.