Med fleire kuldegrader i lufta er snøproduksjonen på Ørsta skisenter i full gang, og det vert produsert kunstsnø døgnet rundt.
<strong>Full produksjon:</strong> Snøkanonane går for fullt på Bondalseidet, og med sju kuldegrader kan Ørsta skisenter produsere rundt 10.500 kubikk med kunstsnø i døgnet. Langtidsvarselet varslar kuldegrader ut i neste veke, og skisenteret vil no produsere så mykje snø som mogleg.