Før sommaren hadde ungdomsråda i Volda og Ørsta sitt første felles møte i Volda. Måndag inviterte Ungdomsrådet i Ørsta til fellesmøte i Ørsta, og ordførar Rune Hovde var invitert for å snakke og diskutere kommunereforma. Då det vart gjennomført ei undersøking om korleis folk i Volda og Ørsta stiller seg til ei kommunesamanslåing kom det fram at det var dei unge som var mest skeptiske. Dette overraska ordføraren som poengterte at ungdomen skal vere i fokus framover.

– Det er femti år sidan førre gang det var endringar i kommunegrensene. Volda og Ørsta kommunar har vakse i hop på mange måtar. Dokke og dei som er yngre er framtida for Volda og Ørsta, og det er viktig engasjement. Poenget er å gjere det så spennande her at de vil halde fram med å vere her, og ikkje vil flytte vekk, sa Hovde.

Utkantar

Ordføraren var open for spørsmål frå medlemmene i dei to ungdomsråda. Det som bekymra mest er at utkantane i dei to kommunane skal verte enno meir utkantar om Volda og Ørsta vert ei kommune, og at fritidstilbod får mindre merksemd og skulane vert meir sentrumsorientert.

– Eg forstår bekymringane, og dette er noko som mange diskuterer. Om det vert ei samanslåing vil vi bu omtrent slik som i dag, og tilboda vert omtrent slik som i dag. Sjølv om kommunen er større har ikkje avstandane vorte større. Vi må ha tilbod der folk bur som skular og heimehjelp. Det er og viktig å kjempe for tilboda sine i utkantane slik at dei ikkje vert gløymde, sa Hovde.

– Kva er ulempene?

Ungdomsrådsmedlemmene var og nysgjerrige på når ei kommunesamanslåing kan verte ein realitet, og gangen i arbeidet vidare. Hovde fekk og spørsmål om kva som er dei største ulempene med ei kommunesamanslåing.

– Det vert litt lengre avstand til der makta vert utøvd, men vonleg så vert makta utøvd på ein litt betre måte.

Ungdomsråda fekk og spørsmål om det var naturleg å slå i hop kommunane, og dei meiner at det er naturleg å tenkje på det.