Domstoladministrasjonen har tidlegare uttalt at dei ønskjer å fjerne domstolar med færre enn åtte dømmande årsverk. I dag er det 66 domstolar i Noreg. Ønsket var å ha kring 20.

For Søre Sunnmøre tingrett kunne dette ha betydd slutten. Dei er berre fire sakshandsamarar, ein sorenskrivar og ein fast dommarfullmektig ved kontoret.

Frivillig

Men no vert det førebels ingenting av den varsla strukturendringa.

På eit nasjonalt domstolleiarmøte varsla representantar frå justisdepartementet at dei ikkje vil gå i gang med noka storstilt strukturendring i domstolane no, så lenge det er motstand blant dei domstolane som vert berørt.

Berre dersom domstolane ønskjer det sjølv, skal det verte jobba for samanslåing/samlokalisering, som til dømes er tilfellet med Søre Sunnmøre tingrett i Volda og Sunnmøre jordskifterett i Ørsta som jobbar for å samle seg under same tak.