Sæbø Idrettslag og Sæbø Grendalag søkjer Statens vegvesen om løyve til oppføring av to skilt med turistinformasjon i Sæbø sentrum.

Det eine skiltet er føreslått oppført ved sitjeplassområdet ved ferjekaia, godt synleg for alle bilar som køyrer forbi.

Det andre skiltet er føreslått oppført ved parkeringsplassen ved Sagafjord hotell. Skiltet vil stå slik at det er godt synleg for dei som kjem til Sæbø.

Dei søkjer også om løyve til å få bruke turistinformasjonslogoen på skilta.