Kjartan Leikanger frå Ørsta gjekk til retten etter at nokon av skadene etter orkanen "Dagmar" ikkje var erstatta som naturskade. Leikanger godtok ikkje staten sine argument om at rotvelta tre hadde skulda for naturskader, og i retten vann han fram i januar i år. Ifølgje Sunnmørsposten har regjeringsadvokaten no anka saka vidare til Frostating lagmannsrett. Advokat Kaja Midtbø Stadshaug førte saka for regjeringsadvokaten i anken viser ho til at avslaget på Leikanger sitt krav byggjer på fast og langvarig praksis frå ankenemnda til Statens naturskadefond. Ho meiner at det er viktige prinsipp i saka som lagmannsretten bør ta stilling til.

Til Sunnmørsposten seier Leikanger sin advokat Jørund Knardal at det ikkje har kome fram nye vesentlege opplysninigar i saka.

- Vi reknar med å vinne også i lagmannsretten. Eg kan ikkje sjå at staten har kome med noko vesentleg nytt som skulle endre tingretten sin grundige dom.