I april ynskjer fotballgruppa i Ørsta IL å kome i gang med bygginga av den nye fotballhallen. Det føreset at finansieringa er på plass, inkludert eit årleg tilskot frå Ørsta kommune på ein million kroner.
– Men ikkje meir enn i to til tre år, og medan vi ventar på den nye storhallen. Dette handlar nemleg ikkje om anten eller, men både og, seier Stein Aam i fotballgruppa til Ørsta IL.
Fotballhallen til Ørsta IL er planlagt plassert på balløkkeområdet mellom kunstgrasbana, Ørsta stadion og Velle skule. Hallen er ein kaldhall, og det er gjort avtale med firmaet Best-Hall AS om levering av ein hall til 6,5 millionar kroner. Det vert ei speleflate på kunstgras inne i hallen, og speleflata har sjuarbanemål. Fotballhallen vil ha ytre mål på 43 gonger 65 meter.
For skulane
Prosjektet er godkjent av Ørsta kommune, med fire vilkår. Det er fargevalet som ikkje skal vere for dominerande, at skulane skal få bruke hallen, at det medfører riving av ein del av lagerbygningen ved Ørsta stadion og at fotballgruppa pliktar å skaffe erstatningsareal for kastområdet hallen skal byggjast på.
– Det siste er vi i ein god dialog med friidrettsgruppa om, seier Olav Saure i fotballgruppa.
Spelemidlar
Det er også søkt om spelemidlar. I ein slik kaldhall er det kunstgrasflata og lysa som er spelemiddelobjekt. Sjølve hallen er ikkje eit spelemiddelobjekt fordi levetida er rekna til tjue år.
Fotballgruppa har lagt ned mykje arbeid i skaffe finansiering. Det har vore møte med næringslivet, og 100.000 kroner frå Marine Harvest AS er i boks. Dessutan håper fotballgruppa på midlar frå verksemder som dei lokale bankane og Tussa m.a.
Eigendel
– Vi har dessutan bestemt oss for å nytte overskota frå 17. mai til hallen. I år var det på over 120.000 kroner. Vidare har vi auka treningsavgiftene, der 150 kroner per avgift går til hallprosjektet, fortel dagleg leiar Karl Alsaker i fotballgruppa i Ørsta IL.
Ein vesentleg del av finansieringa vil likevel vere eit kommunalt tilskot, og der har fotballgruppa no søkt om eit tilskot på ein million kroner årleg i to til tre år.
Ventehall
– Då ordførar Gudny Fagerhol fekk presentert prosjektet, kalla ho dette ein ventehall. Det er ei god formulering. Vi kan få opp hallen i 2012, og han vil vere til god hjelp for m.a. skulane medan vi ventar på ei løysing for storhallen. Dette ligg kanskje fire år fram i tid, seier Aam.
Velle skule er svært positive til planane.
– Vi ser fram til å nytte hallen særleg vinterstid. Det gjeld både til undervisning og som eit område vi kan nytte i friminutta. Særleg det siste er viktig for oss. Velle skule har 300 elevar på eit lite uteområde. Om vinteren med snø vert det ekstra trongt. Det kan lett oppstå uheldige episodar når mange born er på eit så lite område, og med denne hallen får vi ei stor flate som kan nyttast til fotball og anna leik i friminutta, seier rektor Harald Bj. Thunem ved Velle skule.