Politiet har fått melding om brann i ein tohjuling i Volda kommune.

Brannen er no sløkt og det er ikkje meldt om personskade.

Ved 110-sentralen får Sunnmørsposten opplyst at det dreier seg om ein scooter, som sto på ein parkeringsplass ved ein butikk.

Politiet opprettar sak etter hendinga.