Laurdag ettermiddag rykte naudetatane ut på ei trafikkulykke i Vallabøvegen i Ørsta.

– Trafikkuhell, to bilar innvolvert, berre førarar i bilane. Dei verkar uskadde, skriv politiet på Twitter.

Politiet opplyste seinare at begge bilane hadde fått omfattande skade. Førarkortet til den eine sjåføren vart inndrege og brot på vikeplikt skal vere årsaka til ulykka.