2023 var året då vi fekk merke sviktande annonseinntekter. Men det var og året då Møre-Nytt fekk svært god trafikkvekst på nett og ny vekst i talet på abonnentar.

I desember passerte talet på digitale abonnentar for første gong talet på komplettabonnentar. Dette er eit resultat av ei målretta satsing på ei oppdatert, brei og innhaldsrik nettavis.

Styrken til nettavisa vart demonstrert i samband med lokalvalet, då vi opplevde lesarrekord.   Samstundes veit vi at nesten halvparten av våre lesarar framleis ønskjer seg ei avis i papirversjon, og redaksjonen strekkjer seg langt for å levere ei god papirutgåve, samstundes med ei god nettavis.

Å ri to hestar er krevjande for ein redaksjon som er liten i høve til eit dekningsområde med over 20.000 innbyggjarar, men heldigvis fekk vi i 2023 ei ekstra journaliststilling.

Ved årsskiftet 2023/2024 kan vi slå fast at Møre-Nytt også det siste året har styrkt sin posisjon som nummer 1-avisa i Ørsta-Volda.

Fakta om Møre-Nytt:

  • Samla opplag: ca 5100

  • Utgjevarstad: Ørsta

  • Redaksjonelle årsverk: 6

  • Talet på sider produsert: 3000

  • Fordeling redaksjonelt stoff/annonsar: 83/17

  • Talet på leiarartiklar: 40

  • Talet på lesarinnlegg på nett: 75

  • Talet på refuserte lesarinnlegg: 5–10

Svein Aam (63) redaktør i Møre-Nytt. Foto: Roy-Arne Folkestad

Mål og prioriteringar:

Møre-Nytt har som mål å vere førsteval for lesarar som vil halde seg oppdatert om det som skjer i Ørsta-Volda. Og vi  skal vere førsteval for nye lesarar som vil abonnere på ei avis i Ørsta-Volda.

Møre-Nytt er i ein konkurransesituasjon med Møre, som kjem ut i Volda. I 2023 reduserte Møre talet på papiraviser frå tre til to i veka. Samstundes er nettsatsinga deira trappa opp. Vi opplever med andre ord auka konkurranse på nettet, ei utfordring vi gjer vårt beste for å møte.

Nyheitsåret: 23 Januar inngjekk Ørsta og Volda kommunar forlik og unngjekk rettssak om fordelinga av inntekter i samband med at Bjørke vart ein del av Volda kommune. Her tek ordførarane Stein Aam og Sølvi Dimmen kvarandre i handa etter forliket. Foto: Rune Sæbønes
Nyheitsåret: 26 januar gjekk 1700 i fakkeltog i protest mot nedlegging av Mork Rehabiliteringssenter Foto: Svein Aam

Samfunnsrolla til avisa.

Betydninga av å ha ei god lokalavis vart demonstrert under kommunevalet i haust. Framstegspartiet i Ørsta gjorde eit brakval, med ordførarkandidat Tore Thon i spissen. Men alt valnatta vart det klart at andre parti gjekk saman om ein fleirtalskoalisjon som stilte seg bak ein Høgre-ordførar. Framstegspartiet sat ribba tilbake, sjølv om dei oppnådde nesten 30 prosent av stemmene.

Det vart ein diskusjon med høg temperatur i ettertid, med skuldingar om udemokratiske metodar. Her hadde Møre-Nytt ei viktig rolle for å bringe fram korrekt informasjon om kva som hadde skjedd då det skar seg i forhandligane om posisjonar. Vi var og ein sentral kanal for debatten i kjølevatnet av valet.

Ei anna stor sak , også i 2023, var nedlegginga av Mork rehabiliteringssenter. Kampen for å halde oppe dette tilbodet har vart i mange år, men i juni vart dørene stengde.

I ei slik sak, der lokalbefolkninga kjempar å unngå at eit helsetilbod vert lagt ned, er lokalmedia ein viktig kanal for det lokale engasjementet.

Nyheitsåret: I byrjinga av april hadde Noreg sine handballdamer treningssamling i Ørsta-Volda. 6.april var det landskamp mot Montenegro i Ørstahallen. Foto: Rune Sæbønes/Møre-Nytt
Nyheitsåret: I mai fortalde den tidlegare bedriftsleiaren Oddmund Hovden om sin Alzheimer-sjukdom. Her saman med kona Signe. Foto: Roy-Arne Folkestad

Journalistfagleg utvikling /etikk/kjelder

Det er stort produksjonspress i  ein liten redaksjon som skal ha ei oppdatert nettavis, og samstundes gi ut fyldige papiraviser. Med fokus på trafikktal er det fare for at vi prioriterer saker som er enkle å omsette til høge lesartal, medan saker som krev meir arbeid, eller som har avgrensa klikkpotensial, vert nedprioriterte.

Nyheitsåret: Frp sin ordførarkandiat Tore Thon jublar over eit brakval i kommunevalet i Ørsta. Men ingen ville samarbeide med Frp, og dermed sat partiet ribba tilbake. Foto: Svein Nordal
Nyheitsåret: Ausande regn, med likevel folkefest, då Fontene-monumentet, vart avduka i Ørsta sentrum. Foto: JOACHIM ÅSEBØ

Aukande oppslutnad, og gode tilbakemeldingar, viser likevel at vi gjer mykje rett.  Det har vore mykje god journalistikk, levert av ein erfaren stab som kjenner lokalsamfunnet. Og vi har hatt god breidde i dekninga av lokalsamfunnet.Men framleis er det slik at det er litt for mange einkjeldesaker, og litt for mykje referat/kopijournalstikk.

Møre-Nytt har ikkje hatt PFU-klager i 2023.

Nyheitsåret: Formannskapet i Ørsta på synfaring i Liadal, der fleire bygningar må rivast for å få plass til breiare veg. Foto: JOACHIM ÅSEBØ
Nyheitsåret. Frå Volda og Ørsta ballettskule sin julematine. Foto: Rune Sæbønes/ Møre-Nytt

I utdelinga av Polarisprisen for 2022, som først skjedde i 2023, fekk Møre-Nytt heiderleg omtale i kategorien nyhende, liten redaksjon, for artikkelen «Ein farleg mann».

Artikkelen var skrive av redaktør Svein Aam, og handla om eit angrep på ein helsearbeidar. Artikkelen fokuserte på utfordringar i hjelpeapparatet og rettsvesenet knytt til personar som er valdelege på grunn av kombinasjonen psykisk sjukdom og rusproblem.

Artikkelen «Ein farleg mann» fekk heiderleg omtale i utdelinga av Polarisprisen.
Møre-Nytt sin stab ved årsskiftet 2023/2024. Framme frå venstre: Benedicte Fugledal, Julie Killingberg, Svein Nordal. Bak frå venstre: Joachim Åsebø, Arnulf Hjertvik, Rune Sæbønes, Roy-Arne Folkestad. Foto: svein aam

Refleksjonar ved leiarskifte

Den 1. februar 2024 var dei leiarskifte i Møre-Nytt. Ny redaktør og dagleg leiar er Tormod Utne. Etter nesten sju år som leiar i ei lokalavis har eg gjort meg nokre refleksjonar:

Vil demokratiet overleve 2024? Det var spørsmålet i programmet Verdibørsen på NRK2 20. januar. Bengt Hagtvedt, Noregs kanskje fremste samfunnsvitar  svarte: «Det som er mest alvorleg er forvitringa av mediebiletet. Vi har ikkje lenger ein felles kanal for kommunikasjon.»

Ei lita lokalavis kan sjølvsagt ikkje gjere den store skilnaden. Men ser vi på alle lokalaviser til saman ser det kanskje litt lysare ut. Berre i Ørsta- Volda, eit lokalsamfunn med 20.000 innbyggjarar, finst det to lokalaviser. Og det er lokalaviser i alle nabokommunane.

Eg har vore redaktør og dagleg leiar i ei lokalavis i nesten sju år. Det er mykje hardt arbeid. Det er gleder og sorger. Heldigvis er det ein hardtarbeidande stab. Og heldigvis har vi trufaste og engasjerte lesarar.

Ei lokalavis er tett på sine lesarar, og banda er tette og sterke. Det er som eit langvarig ekteskap. Av og til kranglar vi, av og til vert det trua med skilsmisse, men når alt kjem til alt kan ikkje tenkje oss eit liv utan kvarandre.

Lesarane kan vere krevjande og slitame også. Når dei ringer for å skjelle ut redaktøren fordi avisa ikkje ligg i postkassa. Eller klagar på at vi ikkje var på den og den korkonserten, eller den og den handballkampen. Og av og til gjer det fysisk vond å setje på trykk debattinnlegg frå korsfararar du helst vil hysje ned.  Men du gjer det likevel - i ytringsfridomens namn.

I 2025 er Møre-Nytt 90 år.  I førsteutgåva 14. juni 1935 skreiv redaktør Alf Bergmann: «Skal vi koma upp og fram, skal bladet veksa med bygdene, bli større med dei, og betre med tida, så lyt bygdefolket sjølv vera med og setje sitt preg på bladet, gjeva oss råd og vink, som vi vil gjeva dykk det. De fær seia frå kva de likar, kva de ikkje likar, syne at de har interesse for bladet, for de trur vi at de fær».

På dei sju åra eg har vore redaktør har det vore mange endringar i Møre-Nytt. Men vi har tatt små steg om gongen.

Vi har klart oss godt. Økonomien er sunn. Vi driv utan pressestøtte. Vi har utvida staben. Talet på abonnentar har auka jamt og trutt, og dei fleste les oss no på nettet.

Møre-Nytt er ikkje lenger eit «blad». Det er ei moderne mediebedrift - eit mediehus. Men som i 1935: Skal vi kome  «upp og fram» må det skje saman med lesarane.

For utan lesarane er vi ingenting.

Ørsta 31. januar 2024 Svein Aam

Spørsmål frå Polaris-stiftelsen

Kva meiner du er dine viktigaste oppgåver som redaktør?

Skal lokalmedia halde på sin sterke posisjon må vi ta vare på tilliten og dei sterke banda vi har til lesarane. Vi må og tydeleggjere vår uavhengige rolle, vere nøye med presseetikken og vi må levere kvalitet i handverket.

Kva er policyen for medarbeidarar sitt engasjement i sosiale medium?

Ein journalist må kunne delta i samfunnslivet, og også engasjere seg i omdtridde saker. Men det må gjerast på ein open måte, og det vil avgrense kva for saker vedkomande kan jobbe med.

Sosiale medium skaper spesielle utfordringar. Om ein medarbeidarar ytrar seg slik at det vert tvil om uavhengigheita kan han ikkje skrive om den aktuelle saka, og kanskje heller ikkje stoffområdet. Difor må medarbeidarar vere tilbakehaldne med å kommentere, og ta stilling til aktuelle saker, på sosiale medium.

Korleis vert grunnleggande journalistiske prinsipp som kildekritikk, faktakontroll og openheit utfordra av kunstig intelligens?

Her er vi berre i startgropa av noko som vert spådd å vere ei diger utfordring. Førebels er det uråd å gi eit skikkeleg svar, anna enn at det er viktigare enn nokon gong å utøve kjeldekritikk, og å sjekke fakta.