Fleire av naboane til Vikemarka skule varsla seint onsdag kveld om det dei trudde var brannalarm på Vikemarka skule. Dermed vart det utrykking.
110-sentralen skriv på Twitter: «Ørsta kl 00.06 ut med befalet til Vikemarka skule. Fleire meldingar om alarmklokker som går på skulen. Ingen brann. Heller ingen utløyst brannalarm. Viser seg å vere ringeklokkene på skulen som går. Personell frå skulen kom og fekk avstilt klokkene.»