Utrykkingspolitiet melder at dei i 11-tida onsdag føremiddag har gjennomført ein såkalla åtferdskontroll i Hamnegata i Volda sentrum.

To bilførarar fekk forenkla førelegg for ikkje å stanse for fotgjengar i gangfelt. Ein bilførar fekk gebyr for manglande bilbelte.