På tampen av 2017 gjekk kommunestyret i Ørsta inn for å seie ja til å bli medlemmar i Sunnmøre friluftsråd. Medlemskapen gjer at alle skular og frivillige organisasjonar no kan nytte seg av tenestene til friluftsrådet. Det har Åmås friskule vore klar over og nytta seg av.

– Det er mange ulike tenester som friluftsrådet har, og ei av dei er eit snøformingssett som kan lånast. Dette står på ein hengar og er klart til bruk for dei som ønskjer det, seier lærar Øyvind Festø ved Åmås friskule.

Snøformingssettet består av fleire formingsrammer som skal fyllast med snø. Rammene kan nyttast enkeltvis eller setjast saman. Når snøen vert pakka saman tek det ikkje så lang tid å lage ein vegg av snø.

Tidleg ute

Skulen var tidleg ute å melde si interesse i snøformingssettet og det har blitt brukt i undervisninga ved skulen.

– Snøformingssettet er ypparleg for skular som arbeider med til dømes geometri. Settet kan nyttast både i kunst og handverk, matematikk og fysisk fostring.

Elevane har vore veldig engasjerte denne veka. Sjølv om det regna skikkeleg torsdag føremiddag var det ingenting å seie på arbeidslysta til Patrick André Haugen, Stian Urkegjerde Åmås og Sverre Hovdenakk.

– Det veldig kjekt å få lov til å bygge med snø i skuletida, og det er lærerikt. Akkurat no held vi på å bygge ei snøborg og kanskje blir det litt snøballkasting seinare, seier gutane.

– Mykje entusiasme

Ved Åmås friskule har snøformingssettet blitt nytta på alle trinn.

– Føresetnadane for å bygge er litt ulike, men det er veldig mykje som ordna seg med entusiasme. Gjennom veka har elevane fått lære kva både prisme og kubar er for noko. Det har og blitt gitt poeng for bygging av lengst vegg, høgaste tårn og flest rom i konstruksjonane. Om det er andre skular som er interessert i å låne settet skal det i utgangspunktet vere ledig komande veke, seier Festø.