Det er den danske demensforskaren Kristian Steen Frederiksen som ønskjer å slå i hel denne myten, skriv Forskning.no.

– Demenssjukdommar er ikkje ein naturleg del av å bli eldre. Det er eit klart avvik, på same måte som kreft er det, seier Frederiksen, som er leiar av den kliniske forskingseininga ved Nationalt Videnscenter for Demens ved Rigshospitalet i Danmark.

Dei første symptoma er svekking av kognitive funksjonar som å hugse, tenkje, snakke og utvise dømmekraft. Etter kvart endrar sjukdommen også kjenslelivet og ein kan verte fortare sint eller lei seg og endre personlegdom på andre måtar.

Det er enno store kunnskapshol om alzheimer sjølv om det er gjort store framsteg i forskinga dei siste åra. Dei veit at hjernen skrumpar inn og at det kjem av ei opphoping av protein som bryt ned nervecellene, men forskarane forstår framleis ikkje kvifor. Det finst heller ingen kur.

Det betyr likevel ikkje at det er nyttelaust å få ein diagnose.

– Det er massevis av ting vi kan gjere for å sikre rett pleie. Vi kan behandle symptoma for å auke livskvaliteten, og vi kan hjelpe til med å planleggje framtida, seier han.

Somme gonger kan også demenssymptoma skuldast svulst på hjernen, vitaminmangel eller anna sjukdom som kan behandlast.

(©NPK)