DAB-installeringa i Eiksundsambandet er forseinka, og installeringa av utstyret skjer først over påske. Det skriv Vikebladet Vestposten.

Alle dei tre tunnelane mellom Furene og Eiksund skal få DAB-dekning. Vegvesenet seier til avisa at dei har fått reaksjonar frå bilistar som synest det er skremande at den lange Eiksundtunnelen ikkje har hatt radiodekning den siste tida.