Ørsta kommune har gjeve filmselskapet Nuit de la Glisse ved Destinasjon Ålesund & Sunnmøre løyve til å lande med helikopter i Sunnmørslpane, men fire færre dagar enn det er søkt om.

Destinasjon Ålesund & Sunnmøre søkjer på vegner av filmselskapet om å kunne lande i fjellheimen i inntil seks dagar i ein tidsperiode på ein månad fram til 28. april. Føremålet er å lage film som skal nyttast i marknadsføringa av ski- og vinteropplevingar på Sunnmøre. Det er søkt om løyve til å lande i kommunane Ørsta, Stranda, Sykkylven og Stordal.

I handsaminga har kommunen lagt vekt på politiske føringar om å sjå positivt på slike søknader. Difor vert det gjeve løyve, men kommunen meiner landing i inntil to dagar i Ørsta kommune.