Administrerande direktør Terje Devold i 62º Nord har stor tru på potensialet som ligg i opplevingsturisme på Sunnmøre.

Gjennom selskapet sin eigen reiselivsmessige infrastruktur, kombinert med andre reiselivsbedrifter i området, håper Devold å få løfta Hjørundfjorden ytterlegare fram som reisemål.

– Det er viktig at vi no i fellesskap greier å posisjonere Hjørundfjorden som litt annleis, litt urøyvd, men som er i kvardagsbruk. Det er ei anna oppleving enn den slagne turistlandevegen i Noreg, seier Devold.

62º Nord eig i dag ei rekkje båtar, helikopter og hotell på Sunnmøre, der i blant det nyoppussa Hotel Union Øye.

Om bord i katamaranen «Fjord Ålesund» susande innover Hjørundfjorden måndag, fortalde ein engasjert Devold om visjonane for området. Han legg stor vekt på at turistnæringa må spele på lag, og at ein er meir kollegaer enn konkurrentar i denne bransjen.

– Det er meir enn sju milliardar menneske i verda. Vi skal ha ein milliondel av ein promille av dei inn i Hjørundfjorden. Då kan vi ikkje tenkje konkurranse, seier Devold med eit smil.

– Vi har hatt nokre gode år på Øye, og vi ser at Sagafjord byrjar få det til på Sæbø. Det er viktig for totaliteten. Vi håper det byrjar kome ein underskog av leverandørar av ulike aktivitetar, slik ein ser konturane av på Bjørke. Vi åleine greier ikkje dette. Det er eit samspel mellom fleire aktørar på Rekkedal, Sæbø, Øye, Bjørke, Trandal, Standaleidet og andre plassar. Nettverket byrjar å etablere seg, seier Devold.

Han ønskjer å framheve Hjørundfjorden som eit meir eksklusivt og unikt reisemål enn plassar med masseturisme.

– Hjørundfjorden er eit supplement, og ikkje minst eit alternativ til Geiranger. Der kan ein treffe 15.000 turistar på ein tysdag i juli, medan ein kan treffe 150 i Hjørundfjorden. Vi vil dei skal vere her lenger, bruke meir pengar og setje pris på den særeigne kvaliteten vi kan levere her.