Grunnen til tomtene inkludert friområde er samla på 4.124 kvm, og netto tomteareal utgjer 3.478 kvm. Det vert rådd til ein kvadratmeterpris på 116 kroner for tomtene.

Då er det rekna ein råtomtpris på åtti kroner kvadratmeteren og lagt til kostnader med regulering og administrasjon. I tillegg kjem tekniske anlegg på 265.380 kroner per tomt.

386.000 kroner

Tre av tomtene får då ein pris på kring 368.000 kroner. Desse tomtene er på kring 885 kvm. Den fjerde tomta vil koste 360.382 kroner, og denne tomta har eit areal på 819 kvm.

– Dette er ei fin sak. Det er gledeleg at Vartdal får fire nye kommunale tomter. Men saka viser også at arbeidet med å få fram byggjeklare tomter tek tid. Her vart arbeidet starta i midten av førre periode, og for eitt år sidan vart tomtene regulert. Vi ser no at det er ein byggjeboom i Ørsta, og då er det urovekkjande at vi ikkje klarer å få fram fleire tomter i rett tid, sa Petter Bjørdal (Ap).

Endeleg

Pål Heggestad (Frp) var også glad for at saka var komen fram til vedtak. Likevel stilte han spørsmål ved prisen.

– No er prisen åtti kroner for råtomta. I si tid vart det betalt to kroner og elles sytti øre, for prisen vart rekna ut frå bonitet. Altså har prisen auka med 78 kroner. Likevel, det er stor glede over at folk no endeleg kan byggje på kommunale tomter på Vartdal, sa Heggestad.

Etterspurnad

Rigmor Vartdal frå Ørsta Høgre var også glad for at tomtene no er klare til sal.

– Prisen er akseptabel, og no vil det vere etterspurnaden etter desse tomtene som vil vere grunnlaget for å få lagt ut nye tomter på Vartdal Viss etterspurnaden er stor, bør fleire tomter verte tilgjengelege. Eg berre nemner Øyeremane, sa Vartdal.

Barstadvik

Signe Turid Barstad (Sp) understreka at det er behov for fleire tomter på bygdene.

– Og vi treng meir olbogerom enn i sentrum, sa Barstad. Ho oppmoda administrasjonen i kommunen om no å få til byggjeklare tomter i Barstadvik.

Rigmor Vartdal lanserer Øyeremane som tomteområde dersom etterspurnaden etter dei fire tomtene i Sætrefeltet er god.