– Når Tussa no skal selje sine eigne aksjar i selskapet, kvifor ikkje selje ei som folkeaksjar til innbyggjarar og næringsliv i regionen? Det vil sikre at Tussa framleis vert eit lokalt selskap.

Det seier kommunestyremedlem Inge Kolås i Framstegspartiet. Kolås er uroa over at Tussa skal selje sin eigen aksjepost i selskapet på i overkant av tolv prosent. Tussa sine aksjar er A-aksjar, og såleis fritt omsetjelege.

Skeptisk

Tussa-sjef Elling Dybdal har signalisert at kjøparane både kan verte nasjonale og internasjonale. Det likar ikkje Kolås.

– Eg har signalisert både overfor partiet og i kommunestyret at eg er skeptisk til at aksjane skal seljast ut av regionen vår. Det vil på sikt m.a. føre til eit mindre utbyte på lokale hender, seier Kolås.

Difor kjem han med forslaget om ein folkeaksje.

Høgttenking

– Det er kanskje høgttenking, men eg fryktar ikkje å stikke hovudet fram, seier Kolås.

Folkeaksjen meiner han må klassifiserast i ei eiga aksjeklasse, og med klausular.

– Dette for å sikre at aksjen vert verande på lokale hender. I fleire bedrifter er det slik at tilsette kan kjøpe aksjar i eiga verksemd, men at bedrifta har fyrsterett på å kjøpe dei tilbake ved sal. Dette for å sikre at aksjane t.d. ikkje hamnar hos konkurrentar, seier Kolås.

Ikkje på billegsal

Eit tilsvarande regime ynskjer han også å ha for folkeaksjen til Tussa.

– Utan at aksjen vert ein eigen aksjeklasse, kan dei verte selde ut av regionen vår. Vi må unngå at aksjane hamnar på ville vegar, og vert selt til uvedkomande, seier Kolås.

Han presiserer at folkeaksjen ikkje skal vere ein aksje på billegsal.

– Tussa må ta ein god pris for aksjen. Forslaget mitt botnar i at eg ynskjer eit sterkt og godt lokalt selskap som samstundes skal vere ei god inntektskjelde for eigarkommunane, seier Kolås.