– Det er kanskje litt spesielt å ha sleppfest nærast ein månad etter at albumet kom ut (18. mars), men ein kan sjå på det som ei feiring av det vi har oppnådd til no, seier vokalist og låtskrivar Magnus Bringsvor.
Saman med Henrik Lødøen (trommer) frå Brattvåg og ørstingane Erik Moe (bass) og Simen Manseth Rebbestad (gitar), ser dei fram til å få gje folk ein ektefølt smak av «Digital», i levande live på heimebane.
Gratis
– Rokken er ei stor scene, og vi gler oss veldig til å spele der. Det vert gratis inngang i rein sunnmørsk and, så det er ikkje noko hinder sjølv for blakke studentar, seier Bringsvor med eit smil.
Bandet vert heller ikkje åleine på scena. Saman med eit lite orkester, kjem dei til å utgjere ni mann.
– Vi trur det skal verte eit bra produkt, og håpar folk vil kome og sjå oss.
Positiv mottaking
Det er Svein Erik Åmås frå Audiofarm Studios i Åmdalen som har produsert «Digital», og Bringsvor seier bandet har hausta mykje lovord sidan sleppet. Eit av høgdepunkta i den gryande musikkarriera kom fredag 30. mars, då dei delte scene med eit anna Volda-band med namn Chasm på utestaden Vega i Ålesund.
– Det var rett og slett utruleg kjekt. Å spele konsertar er svært viktig for å promotere bandet.
No er det studentbygda på Søre Sunnmøre som står for tur.
Kritisk blikk
Dersom du ikkje har høyrt om Circuit of Values si debutplate, byr Bringsvor på ei lita innføring i kva du har i vente.
– Vi har laga eit konseptalbum som tek opp tema som isolasjon, framandgjering, kjærleik, lojalitet, engasjement, sinne og liksemd. Tekstane handlar mykje om korleis folk nyttar dagens digitale plattform, og rettar eit kritisk blikk mot hungeren etter merksemd på Facebook og i bloggosfæra. Circuit of Values spelar med sylskarp sosialpolitisk brodd, medan musikken er ein miks av pop, rock og folk rock.