- 1. mai  sine kjerneverdiar og vår kristne tru minner oss om å stå opp for livet og for dei svakaste.

Det sa sokneprest Matias Austrheim under 1. mai-gudstenesta i Ørsta kyrkje.

Det er lang tradisjon i Ørsta å halde gudsteneste på arbeidarane sin internasjonale kampdag. Matias Austrheim meiner dette framleis er naturleg.

– Vi held gudsteneste 1. mai fordi den kristne trua og bibelen sin bodskap handlar om djupe etiske verdiar, ikkje berre for det einskilde menneske, men for heile samfunnet, sa Austrheim i preika.

Politisk

Han understreka at kyrkja ikkje skal vere noko politisk parti.

– Men den kristne kyrkja skal tale og virke inn i samfunnet og samtidskulturen med dei grunnleggjande verdiar i den kristne trua. Dette er verdiar som handlar om menneskeverd og livet sin ukrenkjelege verdi, frå fosteret i mors liv, til vi blir gamle, sjuke og hjelpelause. Vi har alle eit forvaltaransvar for jorda vår, for naturen og ressursar, for fiskerikdomane i havet og for olje og gass under havbotnen, sa soknepresten.

Etter årets kyrkjemøte har det vore diskusjon om kyrkja si politiske rolle. Austrheim stilte spørsmål om kyrkja har noko å seie når det gjelder petroleumsrikdomane, fiskeressursane, asylborna eller bioteknologilova.

– Kyrkja kan ikkje gje dei konkrete politiske løysingane. Men kyrkja har rett og plikt å stille dei ubehagelege spørsmåla og forkynne Guds ord som lys og salt inn i samtida vår, slo Austrheim fast.

- Still opp

Han oppmoda om å stille opp for dei svakaste, for borna, for dei sjuke og for dei gamle.

– Avansert vitskap, ofte styrt av kommersielle krefter, stiller oss alle overfor heilt nye problemstillingar som gjeld liv og død. Forsking på DNA og arvestoff tvingar fram ein ny debatt om fosteret i mors liv, det minste og svakaste av alt liv.

Matias Austrheim avslutta preika med å sitere landsfaderen Einar Gerhardsen.

– Han var ikkje redd for å lyfte fram dei ti boda som ein viktig grunnvoll for landet vårt. Han sa at om det norske folk hadde levd etter dei ti boda ville Norge bli eit godt land å leve i.

Leiar i Ørsta Arbeidarparti, Petter Bjørdal og tidlegare ordførar Gudny Fagerhol, las tekst under 1. mai-gudstenesta.