Viss ikkje varselet om oppstart av ein detaljreguleringsplan vert trekt, varslar vegvesenet motsegn mot planarbeidet.
Volda Maskin AS har sendt ut varsel om at det vert sett i gang eit detaljplanarbeid for Hovden masseuttak. Storleiken på planområdet er 95,8 daa.
Statens vegvesen viser til at det planlagde tiltaket ligg ved fylkesveg 653 (Eiksundsambandet), i ei lengd på om lag 250 meter.
– Varselet manglar vesentlege opplysningar om tilknyting til fylkesvegen og årlege produksjonsmengder frå masseuttaket, kommenterer vegvesenet ved avdelingsdirektør Ole Jan Tønnesen i eit skriv som har gått til Volda Maskin og Ørsta kommune m.a.
Vegvesenet arresterer dessutan Volda Maskin for å ha opplyst at eit referat frå eit oppstartsmøte mellom kommunen og entreprenøren er lagt ut på kommunen si heimeside. Dette er ikkje tilfelle.
Vegvesenet er altså særleg opptekne av at det planlagde massetaket vil liggje ved Eiksundsambandet.
– Fartsnivået er her 80 km/t, og årsdøgntrafikken er 2.960 køyretøy. I Statens vegvesen sitt haldningskart for handsaming av arealsaker er fv. 653 vurdert til mykje streng behandling, kommenterer Tønnesen.
Difor vert konklusjonen at varselet om oppstart av detaljreguleringsplanen må verte trekt grunna manglande opplysningar og avklaringar.
– Arealføremålet må vere avklart i forhold til kommuneplanen sin arealdel før det vert starta opp reguleringsarbeid, heiter det i fråsegna.
Og viss Volda Maskin ikkje trekkjer varselet om oppstart av planarbeidet, varslar vegvesenet at det vil kome ei motsegn.
Det vil seie at vegvesenet nektar for at tiltaket vert gjennomført, inntil det er halde eventuelle forhandlingar. Viss vegvesenet står fast på motsegna også etter slike forhandlingar, kan ikkje kommunen eigengodkjenne planen. Då må han verte sluttthandsama i Miljøverndepartementet.