Mannen var sikta for at han i to periodar på til saman fem år ikkje førte rekneskap i selskapet han var dagleg leiar for. I tillegg var mannen sikta for brot på skattebetalingsloven då han ikkje gjennomførte forskotstrekk i lønnsutbetalingane til tilsette i selskapet. Ifølgje siktinga skulle det ha vore forskotstrekk av 459.429 kroner.

I Søre Sunnmøre tingrett kom mannen med ei atterhaldslaus tilståing, og saka vart avgjort ved ein tilståingsdom.

I retten kom det fram at mannen hadde vedkjent lovbrotet for rekneskapsføringa til kemneren i Volda allereie i november 2016. Retten slo fast at saka har hatt ei liggetid på over eitt år, og dette er eit brot på mannen sine rettar etter Den europeiske menneskerettskonvensjonen.

I Søre Sunnmøre tingrett vart mannen dømd til fengsel i 21. dagar. Fullbyrdinga av straffa vart utsett med ei prøvetid på to år. Mannen er og dømd til å betale ei bot på 20.000 kroner, subsidiært fengsel i ti dagar.