Det er klart etter at Volda formannskap no har handsama budsjettet for kommunen for 2014.

Stort behov

Volda-politikarane ivrar for ny Øyra skule, og leitar der dei kan etter finansiering. Behovet er stort, og prosjektet toppar ønskelista over nyinvesteringar, men formannskapet finn ikkje pengar til dette neste år.

Tussa

Det er lågare inntekter frå Tussa og staten – og auka pensjonsutgifter, som i grove trekk er årsaka til at Volda kommune ikkje har råd til å starte skulebygging i 2014. Med 25 millionar mindre å rutte med enn det dei hadde von om, vert byggjestarten utsett til ubestemt tid.

I formannskapet fremja Jørgen Amdam (Ap) framlegg om å tidfeste byggjestarten til 2015, og å kople dette opp til auka eigedomsskatt, med ein promillesats på seks promille i 2016. Dette forslaget fall med seks mot tre røyster.

Rådmannen sitt budsjettframlegg vart elles stort sett vedteke. Men ungdomsklubben vert berga, sjølv om det vert nedskjeringar også der.

Med eit budsjett i ubalanse vil resultatet vere at Volda kommune vert med i Robek-registeret i 2014, i selskap med mellom andre Ørsta.