Rassikringa gjennom Hjårtåberget vert ikkje ferdig før til jul.

Etter planen skulle rassikringa vere ferdig til 26. oktober, men grunna mykje vatn i fjellet må Hjårtåbergtunnelen sikrast mot både vatn og frost, melder Statens vegvesen.

Når anleggsarbeidet er ferdig og vegen opna, vert det 80 kilometer i timen-sone heilt frå Grodås til Volda. Og det vert 36 kilometer med stamvegstandard utan trafikkhindringar.

Selvikberget

Rassikringsarbeidet i Selvikberget er no straks sluttført. Berre asfalt manglar. Den kring 500 meter lange og opptil 25 meter høge fjellskjeringa forbi Selvikberget har kravd omfattande sikringsarbeid.

Etter at eksisterande fjellskjering rasa ut i oktober 2011, måtte utbetringsplanane gjerast om.

Totalt er det sprengt ut 15.000 kubikkmeter fjell i området.