Klokka halv sju måndag morgon vart to menn arrestert i Volda mens dei bar og trilla på tjuvgods. Dei hadde stole bildekk og diverse anna utstyr frå eit garasjeanlegg. Politiet opplyser om at begge personane er sett fri frå arrest, og forholdet er meldt. Det skulle likevel ikkje ta lang tid før dei same personane var tilbake i arresten.

08.40 fekk politiet melding om at to personar luska inne på omsorgssenteret i Volda. Dei vart vist vekk frå staden, men kom tilbake og stal med seg gule boksar med medisinsk avfall. Politiet arresterte dei to personane, og det viste seg å vere dei same som hadde vore på fære tidlegare same morgon.

Klokka 11.25 fekk politiet melding om eit grovt tjuveri i Volda. Det hadde vore innbrot i eit lager tilhæyrande ein butikk. Ein del rørdelar er m.a. stole, og forholdet er meldt.